Det blir varig rasering av viktig og vakker natur på Svarthammaren, til skade for fugl, vegetasjon og anna dyreliv, og friluftsliv. Eit vindkraftanlegg er eit industriområdet for energiproduksjon med stor menneskeleg aktivitet, som i tillegg til turbinane har eit omfattande vegnett som delar opp naturområdet og drenerer myr. Anlegget vil gje store inngrep i INON-område (inngrepsfritt naturområde) som går samanhengande frå fjord til fjell, og er spesielt viktig å verne.

Etter at søknaden om konsesjon for Svarthammaren vart behandla for ein del år sida, har vi i dag vesentleg større fokus på å verne myr, både på grunn av det store biologiske mangfaldet, men også på grunn av det store lageret av karbon i myrene, som er viktig for klimaet. Det er ikkje opplagt at konsesjonen blir så lett å få gjennom denne gongen.

Noreg har i dag også vesentleg større overskot med elektrisk energi enn då Svarthammaren fekk konsesjon sist, og nye utgreiingar viser at det mogleg å få all fossil energibruk over til fornybar energi i Noreg utan bygging av nye store kraftverk. All krafta frå Svarthammaren vil bli eksportert; eksport av norske naturverdiar, utan påviseleg klimaverknad.

Ettersom vindkraft er så ustabil (varierande vind), så fører den store vindkraftutbygginga omkring i landet og dei planlagde eksportkablane til storstilt utbygging av nye kraftliner, som både legg beslag på naturområde og auka nettleige, som vi må betale. Ustabil vindkraft vil også føre til endring i korleis vasskraftanlegga blir regulert, og kan få konsekvensar for vassføringa i Orkla og andre elver.

Store subsidiar og lite arbeidsplassar

Kraftselskapet må få vindanlegget i drift innan 31. desember 2021, for å få tak i offentlege subsidiar (elsertifikata som vi skal betale). Vi veit enno ikkje kor store turbinar det er snakk om, men med 55 turbinar på 4 MW kvar blir det 220 MW, med ein årsproduksjon på ca 0,7 TWh (kraftverka i Orkla/Grana er på 1,25 TWh). Dersom elsertifikata blir på15 øre/ kWh i gjennomsnitt, vil det seia at anlegget i løpet av 14,5 år får offentlege subsidiar på 1,5 milliardar som vi skal betale, og i tillegg bidrar det til auka nettleige.

Energieffektivisering er vesentleg betre å satse på. Med Enovas gjennomsnittlege satsar for energieffektivisering i bygg, vil ein få frigjort 1,5 TWh fornybar energi i året, det vil seia over dobbelt så mykje som vindkraftanlegget på Svarthammaren skal produsere, men utan naturinngrep. 220 MW effekt vindkraft gir ca 15 varige arbeidsplassar, og berre ein del lokalt. Energieffektivisering gir mange gongar så mange arbeidsplassar.

Nasjonal ramme for vindkraft

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) arbeider med «Nasjonal ramme for vindkraft», som vil bli vedteke ein gong i 2019. Olje og Energidepartementet seier om grunnlaget for denne planen: «det er behov for i noe sterkere grad å styre hvor det søkes om konsesjon fremover».

Med andre ord bør ikkje NVE behandle søknaden om nedbygging av Svarthammaren før «Nasjonal ramme for vindkraft» er vedteke.

Det er vakkert på Svarthammeren. Foto: Privat
Smålom på Svarthammeren. Foto: Privat
Vindmølleutbygging på Bessakerfjellet. Foto: Privat