Debatt

Avtalefesta løn i Sampro og Orkdalstorget

Orkland SV vil ha avtalefesta løn ved kommunale VTA-avdelingar som Sampro og Orkdalstorget.  Foto: Catharina Morken

Pluss

Tilsette ved kommunale avdelingar for varig tilrettelagte arbeidsplassar (VTA) i Orkland, som for eksempel Sampro og Orkdalstorget i Orkdal, må ha same minimumsløn som tilsette ved bedrifter som følger den sentrale overeinskomsten (VTA-overenskomsten) mellom Fellesforbundet og Arbeidsgiverforeninga for Vekst-og Attføringsbedrifter. For tida er minimumsløna kr 18,50. Vi ser ingen grunn til at kommunane skal betale dårlegare enn dei bedriftene som er forplikta av denne avtalen.