Debatt

«Det er Venstre til vi dør. Nu kjør vi!»

Alvoret var stort og engasjementet sterkt på Venstre sitt landsmøte i helga.

Lavrans Skuterud.  Foto: Arkiv

Pluss

Gode innlegg om historisk utvikling av sosialliberalismen og diskusjonar om Venstre sitt prinsipprogram var nydeleg mental føde og avbrekk frå eit nyheitsbilde med mykje fokus på aukande nasjonalisme, proteksjonisme og mindre toleranse. Og med angrepet mot justisministerens bil som eit nitrist apropos. Her handla det om fridom for kvar enkelt, personleg ansvar, sosialt ansvar og hjelp til dei som treng det, ansvar for miljøet og komande generasjonar, toleranse og maktspreiing. Venstres distriktspolitikk var også eit stort tema, og vi fekk ambisiøse vedtak som bl.a. at 95% av alle hushald og verksemder skal ha god breibandstilgang i 2020, fleire desentraliserte og fleksible utdanningstilbod, og ikkje minst at det lagast heilskapleg oversikt og koordinering av flytting, nedlegging og oppretting av statlege arbeidsplassar. Målet er å hindre at etatar og direktorat som «statar i staten» flyttar arbeidsplassar utan politisk kontroll. I Orkdal har vi opplevd dette med både NAV og Helfo, og risikerer no Vegvesenet. Lågare matmoms for restaurantar var eit anna vedtak, for å gjere det billegare å ete ute – eit godt sentrumstiltak!