Debatt

Tida for bortforklaringar er over

Måndag 20. mai omtalte Dagbladet ferske tal frå SSB som viser korleis veksten i årsverk i politietaten har utvikla seg dei siste to åra.

Nærpolitireforma trådde i kraft 1. januar 2016 og målet var blant anna at politiet skulle vere meir tilgjengeleg og tilstade lokalt.  Foto: Marte Mona, Illustrasjonsfoto

Pluss

Denne statistikken lika ikkje Høgreregjeringa. Justisministeren seier han ikkje tar dei på alvor. Tala som viste at mange norske kommunar nærast er sopa for politifolk dei siste 2 åra fekk også kommunikasjonsavdelinga til Høgre til å vakne. Innlegg med tittel «Distriktene har fått mer politi» blir sendt til aviser over heile landet med klar avvising av SSB-statistikken. Dette til tross for at tillitsvalte i politiet, politistasjonssjefar og lensmenn over heile landet bekreftar tala frå SSB.