Øyeblikket:

Svineri i grisebingen engasjerer framleis

Kolbjørn Aune 

Pluss

Det førre Øyeblikket mitt handla om svineri i grisebingen. Emnet engasjerer framleis. Det er griseflaks og bra at slikt blir oppdaga, for det er ikkje alltid grisen som har største svinepelsen. Men, og det er eit stort MEN: Når «dyrevenner» og deler av media stemplar alle grisebønder som dyriske terroristar, går dei lenger enn for langt. Ikkje rart at somme reiser bust. Å få eit ufortent dårleg rykte, kan fort koste flesk i denne bransjen. Kombinasjonen skjult kamera og liten innsikt skremmer. Har ein ikkje anna enn fotoutstyr i BH-en, kan ein likså gjerne gå topplaus.