Debatt

«Bygdenamn og kommunenamn»

Debatt

Kommunesamanslåing og nye kommunenamn har skapt ein del rot og uvisse i namnebruken. Ikkje minst blant politikarar og journalistar. Eit aktuelt spørsmål er: Skal og må gamle bygdenamn som Halsa, Hemne og Meldal forsvinne når dei går inn i dei nye kommunane Heim og Orkland? Svaret er nei, og her vil eg grunngi korfor.

Viktigast er å skilje mellom administrative namn og geografiske namn. Dei siste er språklege merkelappar, som gjer det lettare og meir meiningsfylt å orientere seg i landskapet. Det vil framleis vera bruk for dei gamle kommunenamna. Som administrative namn har dei vorte pensjonert, men dei vil framleis leva og fungere som bygdenamn (områdenamn). Vi vil ofte ha behov for å fortelje om vi bur i bygda Halsa eller bygda Hemne i Heim kommune. Det same gjeld for andre utraderte kommunenamn. Vi vil framleis trenge bygdenamnet Meldal i Orkland kommune og Klæbu i Trondheim kommune. Buvik,

Ved samanslåingane i 1964 vart mange kommunenamn utraderte: Buvik, Bynes, Børsa, Geitastrand og mange fleire landet rundt. Ingen av desse namna har komme bort etter den tid. Byneset, Børsa, Buvika og Geitastranda lever framleis i skrift og tale som bygde- og områdenamn. Og dei er ikkje fjerna frå offentlege kart. Slik vil også Halsa og Hemne bli ståande attåt kommunenamnet HEIM. Dei gamle bygdenamna vil framleis vera nyttige stadnamn, som fortel kor vi er hen. Dei tevlar ikkje med det nye kommunenamnet.

Bygdenamna er gamle. Dei eldste kan vera frå tida rundt Kristi fødsel, og dei er kulturminne på line med gravhaugar, helleristingar og bautasteinar. Derfor skal vi ha respekt for desse namna og ikkje bruke tid og krefter på å luke dei vekk. Og som sagt har vi framleis bruk for dei som geografiske markørar.

Innbyggarnemningane kan ha nesten like høg alder. Det gjeld både halsabygge og hemnværing. «Halsaværing» er derimot ein ny feilkonstruksjon, som avisene har begynt å bruke. Eg har sett forsøk på å innføre nemninga «heimværing». Dette er både dumt og unødvendig. Ikkje stort betre enn heimføding! I Heim kommune vil det framleis bu halsabygger, hemnværingar og vennastrandingar (snillfjordingar). Desse nemningane er meir presise fordi dei fortel kor i kommunen personane bur. I tillegg bør vi halde liv i nemningane på folka i grendene: Kjørsebøgg (i skrift -bygg) osv. Og nemninga heimsbøgg (-bygg) bør framleis namngi personar i området rundt garden Heim.