28. januar debuterer Rikard Ingdal frå Ingdalen i Agdenes med romanen Hogst. Boka er ei dramatisk forteljing om livet i ei lita og fåmælt bygd.

Bygdemiljø

Rikard Ingdal fortel at romanen er farga av at han sjøl er vaksen opp på bygda.

– Handlinga foregår i eit fantasert bygdemiljø, seier forfattaren som meiner at skildringane i boka er farga av at han sjøl kjem frå bygda.

Samtidig understreker han at boka er fri diktning.

– Eg har tatt naturen i bruk for å skildre miljøet. Men folk i Ingdalen er nok ikkje så fåmælte som folket i den bygda eg skriv om, seier han og innrømmer at skildringa av slekta i boka bygger på nokre bygdemyter.

– Det fins slekter som er fåmælte og spesielle, og så gjer eg litt meir ut av det for å bygge opp dramatikken i boka, seier han.

Flytta frå bygda

Rikard Ingdal (25) er født og oppvaksen på garden Eggan i Ingdalen i Agdenes. Ved Universitetet i Oslo har han tatt master i estetiske fag og litteraturvitskap.

– Eg flytta frå bygda for å utdanne meg. Eg er vorten glad i byen, men det var ikkje på grunn av bygda eg flytta, men heller på grunn av byen, seier han.

For fire år sidan starta han arbeidet med romanen som no er like rundt hjørnet.

– Eg starta i det små, men etter kvart vart det meir alvorleg. Dei to siste åra har eg jobba mest med boka, fortel han.

Dramatikk

Hovedpersonen i boka er skogsarbeidaren Gorm som har kone og ungar. Gorm har gjennom livet gjort som far sin og far hans; han høgg tre. Heilt frå han var barn, har Gorm arbeidd med far sin i skogen. Så dør faren og Gorm kjenner at han må finne ut av all den stillheta som har vore mellom ham og faren gjennom livet. Faren og folk elles i bygda tagde når han spurde. Og når dei talte, så var det i gåter. Kvifor var faren så hard heilt til det siste? Folk berre snur seg bort når han snakkar til dei.

Slik bygger dramatikken i boka seg opp.

Skjebnedrama

Ved Aschehoug forlag har dei store forventningar til debutboka til Rikard Ingdal.

– Hogst er eit skjebnedrama frå den fåmælte, norske bygda. Ingen snakkar rett ut i boka. Alle går krokveger, og dei fører ofte til galne stader. Dette er ei debutbok verd å merke seg, meiner Benedicte Treider.

– Eg er kjempetakknemleg for å ha eit forlag i ryggen med ein redaktør som har hjulpe meg med å finne ut hva eg skal seie, seier Ingdal som er stolt over kva han har fått til.

Håper på salg

Boklanseringa er 28. januar i Oslo, og Ingdal ser ikkje bort frå at det vil dukke opp ein trønderklan for å feire utgivinga.

Han håper det skal bli fleire bøker, sjøl om han ikke har konkrete planar. No handler det mest om å skaffe seg ein jobb.