Gunnhild Sundli kasta høghælaskorne før ho planta føtene i scenegolvet og vart kokka Sofie som song om «ærleg arbeid» frå musikkspelet «Skottet i Buvika».

Anledninga var lanseringa av boka «Vinsjan på kaia» og Idar Linds 60-årsdag. Det var høgdepunkt frå både Korsvikapspillet, studentrevyar og D.D.E.s Lind-repertoar, som «E6» og «Vinsjan på kaia». Men det var songarar frå «Skottet i Buvika» som fekk æra av å avslutte det heile med musikk av Knut Anders Vestad og tekst av Idar Lind.

Stig Krogstad og Tore B. Granås var blant solistane. Duetten mellom Ståle Tørring (Marius Folstad) og den unge solisten Fredrik Vang, som sonen Peder, var rørande.

– Framtida e vårres, song han og dei andre ungane frå «Skottet i Buvika» under det store finalenummeret. Og Fredrik Vang fekk også æra av å overlevere blomster til hovudpersonen Idar Lind heilt til slutt.