Mens andre har nok med å feire påske, har Jon Lyngstad i Skaun artikailleri ei gladmelding for revyelskarar:

– Det blir julerevy i år også. Det blir premiere på låven på Konstadtunet fredag 4. desember, og sannsynlegvis blir det 10 forestillingar. Det blir same opplegget som i fjor med muliegheit for kombinasjonen julebord og revy, seier Lyngstad.

Han seier det sannsynlegvis blir det same ensemblet som det har vore dei to tidlegare julerevyane, det vil seie han sjølv, Ole Magnar Morken og Aashild Grønning. Musikarane er booka. Stein Nilsen blir kappellmeister, og han har med seg Knut Leraand på bass, Per Olav Øiaas på gitar. Steinar Skorild er på plass som sullik og har ansvaret for lyd og lys.

– Kva vi skal ha for oss, er det ingen som veit noko om enno. Det synes teg er frykteleg spennande. Eg trur det blir hysterisk toillåt, seier Lyngstad. Han ser spesielt fram til at revyen skal markere 20-årsjubileet til Skaun artikailleri.