Det var kona, Asbjørg, som klokka 16.50 la merke til det fagre kattedyret.

Syver Svare trur ikkje det er nokon sensasjon å sjå gaupe i Hårråbeitet.

– Eg har sett gaupespor utafor huset mange gonger, minst annakvart år, men eg hadde aldri rekna med å få sjå henne i levande live, seier Syver.

Men der, bakom selja sto ho. I nokre minutt fekk Syver og kona sjå at gaupa såg seg rundt. Ho geispa fleire gongar. Syver torde ikkje å fotografera gaupa. Han villa vere varsam for ikkje å skremme henne med blitsen frå fotoapparatet. Han ville sjå henne heilt usjenert.

Etter eit par minutt gjekk ho fram nokre meter. Da kunne ekteparet sjå heile gaupa. Den var stor og fin, større enn Syver hadde trudd. Dette var ikkje nokon avmagra stakkar.

Etter at rekognoseringa var ferdig, gjekk gaupa opp i skogen att.

Her, bakom denne selja sto gaupa og såg mot huset til Syver og Asbjørg Svare.