TRONDHEIM: Brit Skjelbred (66) fra Trondheim ble i statsråd fredag utnevnt til fylkesmann i Sør-Trøndelag.

I en pressemelding kunngjort på regjeringen.no heter det:

«Brit Skjelbred er i statsråd i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Sør-Trøndelag.

– Skjelbred har brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Departementet har varsla ein gjennomgong av strukturen av fylkesmannsembeta. Då skal ein sjå fylkesmannsembeta i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag i samanheng med ein eventuell samanslåing av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke. Difor blir Skjelbred tilsett i mellombels embete.

Brit Skjelbred har vore konstituert som fylkesmann sidan mars 2015. Ho er fast tilsett som assisterande fylkesmann hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Skjelbred er utdanna sivilarkitekt. Ho starta å jobbe hos Fylkesmannen i 1995, og har mellom anna arbeidd som direktør for Kommunal- og beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag før ho blei tilsett som assisterande fylkesmann i 2011. Skjelbred har også vore statssekretær i Olje- og energidepartementet (2001-2004)».