Ein liten samanbretta «pakke» av bly med små runeteikn rissa inn tett i tett var ein aldri så liten sensasjon da den vart funnen på Ofstad i Børsa i fjor haust. Finnaren, Roy Søreng frå Trondheim metallsøkerklubb, var spent på kva som står på «brevet», eller blyblekket, som er det rette namnet på gjenstanden.

No har pensjonert professor i nordisk filologi ved NTNU, Jan Ragnar Hagland, studert runene på utsida av blyblekket. Fleire var utydelege, men han fann nok til å fortelje litt meir.

– Eg fann ikkje noko som ga språkleg meining. Men det ser ut som det står ein «Markus» der. Det er ganske vanleg på sånne blyblekk, at ein finn apostelnamn og evangelistar, seier Hagland.

Han fann også ordet «sunt», som er 3. person fleirtal av verbet «å vera» på latin.

– Det ser ut som om det er skrive på latin. Det er som forventa, det er tatt frå ein kontekst der det er naturleg å bruke latin. Ein latinkunning person er ofte knytt til kyrkja, seier Hagland.

Middelalderruner

Blyblekket har altså religiøst innhald, og det er skrive på latin. Den kan ha vore eigd av ein kyrkjeleg person, men også av ein lekmann.

Skrifta er middelalderruner, frå det yngre runealfabetet, som vart brukt frå vikingtid og ut i middelalderen. Hagland meiner det er rimeleg å gjette på at blyblekket er frå 11-1200-talet.

– Det har vore ein slags amulett som folk kan ha bore på, seier Hagland. Kvifor dei har bore slike amulettar, er truleg av same grunnar som folk i dag ber slike smykke.

Ikkje bretta ut

Ingrid Ystgaard, arkeolog ved NTNU Vitenskapsmuseet, er prosjektleiar for kartleggingsprosjektet for kulturminne på Jyssan, Ofstad, Æle og Skje i Børsa. Ho seier dei ikkje har tatt stilling til om dei skal opne blyblekket for å sjå kva som står inni. Det blir ikkje gjort foreløpig. Faren er at innskrifta på innsida kan smuldre opp, men professor Hagland er nysgjerrig.

– Du får oppfordre dei til å prøve å lirke den opp. Det er fleire lag, og det er all grunn til å tru at det er noko inni òg viss dei klarer å bevare innskrifta. Men det er kanskje fornuftig å la den ligge. Vi blir vel flinkare til å løyse sånne problem teknisk etter kvart. Han spring ikkje av der han ligg no, sier Hagland.

Les også: Kulturminner fra Skaun (for abonnenter)

Blyblekket er ein amulett med runeinnskrift med religiøst innhald. Foto: Marte Mona