– Er det muleg? Det går eit gisp gjennom metallsøkargjengen.

Det er bokstavleg tala stinn brakke på Onsdagskveld på Rossvoll i Skaun rådhus. Temperaturen er høg. Lufta kan skjerast med arkeologisk teskei, men over 102 betalande følgjer med på kvart ord og kvart bilde som arkeologane legg fram.

Gjengen frå Trondheim metallsøkerklubb gispar ikkje over sverddansen til arkeolog Ragnar Vennatrø frå NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Han har kasta jakka og tek dansen for å vise korleis eigaren av sverdet frå Olstad, ein rikmann i Olav den heilages bestefargenerasjon, har svingt seg med våpenet.

– Nokon har nok kjent på tuppen av dette sverdet, seier Vennatrø.

Røntgenfotografert

Eit sverd som etter å ha lege i jorda i over 1000 år, vart funne av Magnus Meistad med metallsøkaren. No er det blitt løfta forsiktig opp av jorda, preparert og fotografert. Rusta, ja vel, men vi kan sjå restar av treet på sliren, som har vore trekt med tekstil først og skinn utanpå, og med pelsverk inn mot stålet. Ikkje nok med det, det er blitt røntgenfotografert også, og det er røntgenbildet som får metallsøkarane til å hoie og løfte mobiltelefonane til stuntfotografering.

– Er det muleg? Kan det vera eit Ulfbert-sverd?

Det er i alle fall ikkje heilt utenkeleg at sverdet kjem frå den berykta sverdverkstaden der læremeisteren prega namnet sitt med innfelte bokstavar inn i stålet. Røntgenbildet viser skyggar av skriftteikn. Om det står Ulfbert, er sanneleg ikkje lett å sjå, men det liknar.

– Vi veit ikkje om det er det. Vi prøver å etterforske det, seier Vennatrø.

– Dette er eit myteomspunne sverd. Om du finn 2000 sverd i Norge, så finn du kanskje eitt Ulfbert-sverd, meiner Karl Johan Valderhaug, som er formann i Trondheim metallsøkerforening. Han anbefaler å gå til Youtube for å sjå ein dokumentar om Ulfbert-sverda.

Vennatrø er litt meir nøktern, han seier det finst fleire Ulfbert-sverd. Nokre sverd med namnet Ulfbert var truleg forsøk på etterlikningar i ei tid da sverdet både må ha vore eit maktsymbol og ein frykta reiskap.

Arkeologen er like oppteken av det dei fann under skjoldbulen i den same grava. Ein metallbule, som har site midt på eit skjold. Det har ein bunk som tyder på at den har vore i kamp. I holrommet på baksida låg det kufiske sølvmyntar, eit vektlodd, to bitar med horn eller dyretenner og ein skinnpose med ni nydelege agatkuler.

Det er som eit eventyr for oss i salen å sjå fotografia av dei til dels gjennomskinnelege edelsteinane. Vennatrø har ikkje høyrt om noko slikt før.

Snål sak

Men det som kanskje er det finaste funnet, er likevel bronsespenna som har site på ei kvinnedrakt av ull. Ornamenteringa er heilt spesiell, mulegvis med eit slag firefota dyrefigurar.

– Det er ein snål sak. Du finn ikkje parallellar til dette mønsteret i Norge, seier Vennatrø. Han har prøvd å finne tilsvarande i Finland, i Russland, men har ikkje lukkast. Kanskje kjem nåla langt borte frå.

– Eller kanskje er det skaunstil, seier Vennatrø.

– Så langt har dette berre vore ei berikelse, seier grunneigar Arnt Olstad, som saman med kona Oddveig sit i salen. Olstad synest det er positivt, spesielt for dei kommande slektene, som kan bli nysgjerrige på fortida. Dei har ikkje fått restriksjonar på dyrkamarka si etter funna, og så langt er det berre ei av fleire graver som er opna.

Bygdeborgattraksjon

– Skaun lever opp til slagordet aktiv og attraktiv. Vi fann ein attraksjon, sa Kjell André Brevik, da han med smittande begeistring fortalde om korleis han og kameraten Marius Rindal fann bygdeborga på Stensåsen i Skaun i fjor.

Steinmurar i landskapet røper at dette var eit forsvarsverk ein gong i tida. Sjølv om borga ikkje er datert, så vil ikkje arekolog Ingrid Ystgaard, bli overraska om ho er frå tida rundt Kristi fødsel. Ystgaard er utropt til «borgolog» av Brevik og trur òg at borga kan ha vore i bruk i folkevandringstida. No blir det spennande å sjå korleis historielag og kommune i samarbeid med grunneigarane kan få gjort bygdeborga tilgjengeleg for folk. Første sjanse vil truleg bli under årets Kristin på Husaby, da det er planer om å få til ei borgvandring.

Trekkjer folk

– Lokalhistorie trekkjer folk, slår Sissel Roer Hagen fast. Ho står i bresjen for Onsdagskveld på Rossvoll i lag med ei handfull andre kulturskauningar. Så mykje folk har det ikkje vore i manns minne, i alle fall ikkje sidan Nils Arne Eggen var her for å presentere diktbok saman med Ola By Rise. Både kringle og kaffi er fortært, og kanskje blir fleire inspirert av metallsøkarar og borgleitarar til å sjå seg rundt og leite etter spor frå fortida?

Sjå fleire foto frå funna på Olstad på www.avisa-st.no