Kvar badar folk, kvar går dei på tur, og kvar jaktar og fiskar dei, og kvar driv dei med terrengsykling og kanopadling?

Det vil Tale Skrove finne ut i løpet av det neste året. Ho er tilsett i ei prosjektstilling i Skaun kommune for å få ned på kartet kva som er dei viktigaste friluftslivsområda for skauningane. Ho har starta med å besøke skolar og barnehagar for å finne ut kva område dei brukar, og ho tek også kontakt med grunneigarlag og lag og organisasjonar i Skaun.

Moltemyrer?

Alt frå små grøntområde som ungene leiker på, til større tur- og jaktområde som mange besøker, er interessant.

– Kva med bærplukking?

– Det er ikkje ikke alle som vil ha moltemyrene på kart, men vanlege bærplukkingsområde er fint å ha med, seier Tale Skrove.

Kartlegginga er ein del av Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv og Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde. Målet er å få til eit temakart som viser friluftslivsareala i kommunen der dei også blir verdsett ut frå kor viktige dei er.

– Kva skal kartet brukast til?

– Det skal vise kva verdi områda har for innbyggarane i Skaun. Det vil tydeleggjere dei viktigaste områda for friluftsliv. Det kan kommunen, næringslivet og andre aktørar ta utgangspunkt i når dei skal planlegge. Det skal også brukast til å tilrettelegge og utvikle friluftslivet i Skaun, seier Skrove.

Ikkje ein plan

Ho understrekar at dette ikkje er eit planarbeid. Kartet skal beskrive status her og no, og det bandlegg ikkje område for grunneigarane.

– Vi skal ha tett kontakt med grunneigarlaga, seier Skrove.

Kartlegginga skjer utover hausten, og etter planen skal kartet vera ferdig i løpet av eitt år. Folk kan henvende seg muntleg, skriftleg eller levere inn digitale kart.

Skrove vil ha flest muleg innspel og oppfordrar også privatpersonar til å ta kontakt og gi opplysningar.

Tale Skrove er prosjektleiar for kartlegging og verdsetting av friluftsområde i Skaun kommune. Foto: Privat