Av Kolbjørn Aune

No har eg vore sauebonde i 45 år, og det er vel berre eg som ikkje tykkjer det er altfor lenge. Ein skulle tru eg hadde opplevd det meste på området. Men nei da, det skjer stadig noko nytt og uventa. For ei stund sia senda eg to vaksne sauer til slakt. Det er aldri artig for ein dyrevenn, men må gjerast. Dess artigare vart oppgjerets time. Den eine sauen vart betalt med 21 øre kiloen! (Jau, du las rett.) Vil du ha billig mat, kan du prøve å spore opp kjøttet i kjøledisken. Om eg vart fornærma eller har protestert? Å nei, sauebønder er greie sånn.

Dessutan var eg heldig. Den andre sauen vart betalt med kr 1.71 per kilo. Da monnar det i banken, og han som har småpengar, er ikkje pengelaus. Da gledesrusen var over (sånt må feirast), fekk eg høre om ein sauebonde som hadde fått 5 øre kiloen. Stakkaren lyt ha god hjelp av kjøttvekta for å kjøpe ein pose karamellar. Men den som har fått seg ein skikkeleg karamell og smell, treng ikkje kjøpe. Verda er viseleg sånn. Glasperler til dei innfødde er eit gammalt knep. Kanskje kjem det på moten igjen? Innovasjonar gjer susen og skal redde bygdene.

Sant nok var vel sauene mine i feitaste laget, og det er aldri gunstig for prisen. Men tek eg ikkje aldeles feil, hører mange av dei som bestemmer prisen heime i same feittklasse. Skal dei kanskje verdsettast etter same prinsipp? Unnskyld, men når ein får 21 øre kiloen for godt sauekjøtt, kan ein bli ein smule frustrert. Og bør ikkje berre brekte bæ og takk.

Uti markene syng og susar skogane, og alt kunne vore herleg i bygda om det ikkje var så mange gauper. Eg seier ikkje meir, men særleg sans for vegetarmat har dei aldri hatt. Ikkje forlorne lam heller, ekte saker lyt det vera. Gaupekjøtt er vel forkunnmat i ei svolten verd, men når gaupene blir altfor mange, søkk kjøttprisen. Skal ikkje sauebøndene få godt betalt for ferske gaupedelikatessar heller? Da syng snart skogar og fjell einstonig utan bjøller og brekting.