Rindal heimbygdlag held fram med det årlege årsskriftet sitt som dei gir ut no ved juletider.

Nær og fjern fortid

Det årlege årsskriftet er som ei historisk årbok som famnar om både nær og fjern fortid. I første del av skriftet er det høgdepunkt i ord og bilete frå Rindal i året som har gått. Det redaksjonelle ansvaret for tidsskriftet er ivaretatt av Ragnhild Stavne Bolme, medan mange av dei gamle skrivarane fortsatt er med på historieformidlinga.

Tida på Follo

Fredrik Løset skriv om Rindal for 100 år sidan. Han formidlar også nokre geologiske godbitar, om grisehald i Rindal før i tida, om hårlugg og anna tidtrøyte. Kåre Andersen er med han som kjentmann langs ein gamal seterveg.

Joralf Halgunset skriv blant anna om gamle husmannsplassar og eit vad i Lomundalen. Ivar Bakk ser attende til skuleåra ved Orkdal offentlege landsgymnas.

Gamle amerikabrev

Jon Sveen skriv om historia til Rindal gamaldansklubb og tar også for seg eit reisebrev fra 1911 som blant anna omhandlar innviinga av kapellet. Ola Sæther har studert gamle amerikabrev som fortel mykje om lagnaden både til dei som forlot landet og dei som vart att.

Magnar Almberg fortel om sauesanking på Storsetra i Folldalen, medan Tor Gunnar Heggem har mykje tradisjonsstoff å ause av.

Lilly Tørset som er ny skrivar av året, skriv om ei reise til Vadsø i 1947.

Som vanleg er det med eit konfirmasjonsbilete i skriftet, denne gongen frå 1967 og eit skulebilete frå Bolme skule i 1934.