Orkland – vegen videre

Folke Forfang, Fannrem  Foto: Jan Are Melgård

ST-debatt

Prosessen med sammenslåing av tre og ein halv kommune til nye Orkland kommune har pågått i fleire år, og valget la dei siste bitane på plass. Vi har fått eit nytt kommunestyre for ein ny kommune.

For vegen videre er det viktig at befolkninga i alle deler av kommunen skal kunne føle tillitt til politisk leiing. Avklaringene etter valget har tatt hensyn til dette. Valgresultatet er tatt på alvor, og resultatet er fornuftig av to grunnar:

· Kommunen har fått ei politisk leiing med brei støtte i befolkninga.

· Kommunen har fått ei geografisk maktfordeling som bør kunne gje trygghet til alle deler av kommunen, med ein ordførar frå Orkdal og ein varaordførar frå Meldal.

I normale tider ville eg si at to heilstillinger i politisk leiing er i overkant. Men i ein periode der fire kommunar skal bli til ein meiner eg at dette er ei riktig prioritering. Slik eg har forstått det var det også slik politikarane prioriterte i fjor haust da handlingsplanen vart vedtatt, ved å reservere 1,9 ordførarlønn til to stillinger i politisk toppleiing.

Mange hadde ønska seg eit anna valresultat, men no har folket sagt sitt. Så får ein legge gleder og skuffelser bak seg og arbeide for det beste for ein ny kommune.

Eg har stor forståing for at Torstein Larsen er skuffa når Pensjonistpartiet etter eit godt val likevel kjem utafor det politisk styrande fleirtalet som han trudde partiet skulle bli ein del av. Men eg har inga forståing for store medieoppslag der skuffelsa skygger for reelle politiske analyser. Slik bør det ikkje fortsette. Det blir ikkje betre av at han, så vidt eg kan forstå, ikkje har fått med seg vedtatte prioriteringer i handlingsplanen.