I går fekk vi materialet for kommunevalet i Skaun i hus. Eg har gått gjennom det som er utdelt.

Skaun arbeider for tida med ny kommuneplan. Spesielt arealplanen er viktig for å bestemme korleis bygdene våre skal sjå ut i framtida.

I noverande plan er det lagt opp til ei storstilt nedbygging av dyrkamarka i Børsa. Noko av dette er redusert i framlegget til ny plan, men framleis er store kornareal truga av bustadbygging.

Er så partia som stiller til val i Skaun opptekne av jordvernet ?

FRP, Høgre, Buviklista og Venstre omtalar ikkje det temaet i det heile. KRF vil erstatte nedbygd areal med nydyrking, noko som er ei dårleg naudløysing og lite aktuelt. Rødt og SV vil verne matjorda, Ap vil styrke jordvernet og MDG vil at Skaun skal vere «landets beste på jordvern».

Det er dei politisk valde til hausten som skal vedta den nye arealplanen . Rundt oss står kornåkrane i Børsa gule og vakre akkurat no og det lovar godt for avlinga i år. På same tid ligg markane under vatn mange stader på Austlandet og i Ukraina er store landbruksareal minelagde eller øydelagde av krigen på andre måtar.

Vi må håpe og tru at dei som har jordvern på lista si over gjeremål i Skaun i åra 2023 - 2027 også stemmer for det når arealplanen skal vedtakast snart.

Børsa, 11.08.2023

Tor Inge Tennfjord