Engasjementet har resultert i mange innlegg i lokalavisa og på sosiale media. Eg var i mange år med på å utarbeide grunnlag for budsjett og handlingsplan i Orkdal kommune, og fann ut at i år vil det være interessant å følge behandlinga i kommunestyret.

Det vil alltid være ein fordel at alle parter i eit kommunestyre har ei felles forståing av den økonomiske situasjonen som kommunen står i. Budsjettprosessen det siste halve året skulle gjøre det mulig å etablere denne felles forståinga. Kvartalsrapport etter tredje kvartal var eit varsko for alle som ville forstå, den viste at forbruket dette året er langt over budsjett. Det blir samtidig opplyst at framtidsprognosene indikerer at dei økonomiske rammene blir strammare for kvart år framover.

Den felles forståinga av situasjonen burde da være at det er nødvendig å få ned driftsnivået, og at endringene nødvendigvis vil gjøre vondt for nokon.

Det som har skapt det store engasjementet i år er forslaga om å legge ned små skolar i utkantane og sjukeheimen på Krokstadøra. Det er ikkje vanskeleg å forstå engasjementet, og lang reisetid for born er eit vektig argument mot nedlegging av skolane.

Men det er frustrerande å oppleve at opposisjonen ikkje ser ut til å ha forstått den økonomiske situasjonen. Det ser ut som om dei trur at vi skal kunne ha eit driftsnivå som i 2023 i fire år framover, når all informasjon viser det motsatte.

For å ta det skjematisk: Når dei går imot nedlegginger av utkantskolene, så burde dei samtidig vise til alternative nedskjæringer på andre skoler. Når dei går imot nedlegging av sjukeheimen på Krokstadøra så burde dei samtidig ha vist til alternative innsparinger på dei andre sjukeheimane. Det ville være å ta den økonomiske situasjonen på alvor. Men også da ville det komme fram at innsparingane ville gjøre vondt nokon plasser, sjøl om dei første plassane no ville gå fri.

Når dei ikkje har vilje til å gjøre noko med utgiftssida så skulle ein vente at inndekninga skulle være god. Men her var det dessverre enda verre. I debatten vart begrepet «fantasipeng» brukt på inndekkinga. Det er harde ord, men dessverre er det ikkje heilt utan grunn:

·       Dei skal vedta at sjukefraværet skal gå ned med 2 mill. kr i 2024. Men er det mulig å vedta nivået på sjukefravær?

·       Dei skal spare 10 mill. kr på bedre innkjøpsavtalar i 2024. Hadde dei sagt 1 mill. kr så kunne ein ha håndtert det, enten ved bedre innkjøpsavtalar eller ved å finne alternativ innsparing gjennom året. Forslaget om ei innsparing på 10 mill. kr i 2024 er rein ønsketenking.

På meg verka det som om mange hadde eit ønske om å skape eit inntrykk av at fleirtalets forslag om nedleggingar var heilt grunnlaus, bare basert på vond vilje. Eg er ikkje sikker på at det opprinnelige budsjettforslaget var eit godt forslag. Eg tvilar på at vi vil få ein blåkopi av dette forslaget neste år, så noko har ein nok oppnådd gjennom budsjettbehandlinga. Det første budsjettforslaget var imidlertid eit forsøk frå fleirtalet på å ta den økonomiske situasjonen på alvor. Det skal dei ha ros for. Men eg har ingen sans for opposisjonen sitt forsøk på å stikke hodet i sanden, skyve dei vanskelege spørsmåla framfor seg i fire år for at det neste kommunestyret skulle få den tvilsomme gleden av å våkne opp på ein blåmandag.

Etter mange år i administrasjonen i Orkdal kommune hadde eg det inntrykket at alle parti, uavhengig av kor uenig eg var med enkelte, hadde eit ønske om å gjøre det beste for lokalsamfunnet. Det tror eg fortsatt. Men eg har eit fromt ønske om at det neste året blir brukt til å få ei felles forståing av utfordringer og muligheter, til det beste for Orkland kommune i framtida.