Har du sett noko så innmari dumt? «Kjøttdeig av laks», står det på TV-skjermen. Sant nok er det ein reklamekanal der seriøsiteten har skrale vilkår – men lell. Akkurat like feil og toskut som å skrive «Fiskekaker av svin.» Eller «Blodpudding av blomkål».

I kveld masar reklamen og spør om eg kjenner ein viss type mobilkunde. Det kan naturlegvis hende utan at eg veit det, men korfor spør dei? Jau, viss eg er så usedvanleg heldig, kan eg og kunden få eit gratis mobilabonnement. Heilt til dei aukar prisen og sender ein faktura med finurlege påplussingar, som eg aldri har hørt nyss om.

Dette verkar omtrent som småskrifta i forsikringsavtalen. Nyleg fekk eg brev om at eg var for gammal og utlevd til å vera livsforsikra. Eg burde eg vel heller fått bonus for å ha levd og trufast betalt premie så lenge. Eller dei kunne ha snudd flisa og fokusert på dauden. Livet er naturlegvis skjørt på gamle dagar, men ingenting er sikrare enn mannen med ljåen. Ei utbetaling post mortem ville nok skapt glede i visse kretsar. Daudkult, ungdommeleg sagt.

Men korfor bry seg om bagatellar når verda strir med heitetokter. I Glasgow sitt utsendingar frå mektige og makteslause land og forhandlar om klimakrisa, som trugar framtida. Berre klimadebatten er heitare enn kloden. Mange av utsendingane skal ha komme dit med klima- og miljøvennlege (???) privatfly. Svenske Greta var nok den einaste som kom til fots og haikande med robåt. For det gjorde ho vel? Mens russerar og kinamenn var så redde for klimaet at dei heldt seg heime. Dei kjem vel når el-flyet står klart?

Det hastar å finne beresterke løysingar naturlegvis. Men skal ein redde verdsklimaet, er det neppe klokast å springe eller bykse. Da kan vettet bli att på startstreken. Å jogge tankefullt i riktig retning gir truleg best resultat. Skulle ikkje det verke, så har Norge oljegryn nok til å kjøpe tabbekvotar i andre land.

Til slutt skal seiast at Moder Jord har overlevd mange klimakriser før. Varme og kalde periodar har avløyst kvarandre. Når vi kanskje får regulert tempen, kan det bli istid igjen. Sel derfor ikkje diesel- eller bensinbilen din. Han kan bli god å finne for framtidige generasjonar. Den sommaren kvikksølvet botnspeiker, og venstrefolk søkjer ly under sperregrensa, kler seg i pels og naudber FNs klimapanel om varmegradar.

Nei unnskyld. No ringer mobilen og ein smigrande stemme fortel for tredje gong i dag at «Kjære Kolbjørn» betaler altfor mykje for abonnementet sitt. Du bør derfor snarast skifte leverandør. Stakkars, dumme meg, som ikkje har forstått såpass og framleis ikkje gjer det.