Jo Rune Øyasæter åtte byggetomt i Hoston. Føremålet var å bygge seg bustadhus ved generasjonsskifte på garden. Ved revisjon av kommuneplanen i 2014/2015, vart denne tomta omgjort frå byggetomt til LNF-område (Landbruk, natur og fritid). Dette visste ikkje Øyasæter noe om – ikkje før det vart aktuelt med husbygging.

Ved revisjonen annnserte kommunen om arbeidet i avisa og i sosiale medier. Øyasæter visste om dette, men han kunne ikke tenke seg at kommunen uten å ta kontakt med han ville «ta frå han» høve til å bygge hus på tomta. Kommunen har ikke gjort noe formelt i strid med lovverket, men å regulere bort ei byggetomt uten å spørje eigaren var likevel, etter mi meining, svært dårleg sakshandsaming.

Kommunen burde ha tatt kontakt med Øyasæter. Hadde dei gjort dette, vil le svaret frå Øyasæter vorte nei til omregulering. Tomta ville da framleis ha vore byggetomt i kommuneplanen og det hadde ikke vorte problem for korkje koommunen eller Øyasæter.

Kommunen har prøvd å rette opp «tabben» ved å gi dispensasjon frå kommuneplanen og såleis gi Øyasæter høve til å bygge seg bustadhus på tomta, men der nekta Statsforvalteren i Trøndelag.