I laurdagsavisa var det intervju med dei to representantene dei fekk inn i kommunestyret, Kjetil Tveit Schive og Erling Dyrendahl Sterten. Eg las desse intervjua med stor interesse, litt nysgjerrig på kva dei står for.

Eg fann fleire ting som det er verdt å kommentere.

Fokus på representanter med arbeidslivserfaring.

Industri- og næringspartiet har stort fokus på at alle som representerer partiet skal ha arbeidslivserfaring. Det vil vel si at få under 25 år kan representere partiet. Det verker litt underleg med eit parti som i utgangspunktet ekskluderer ungdommen.

Bruk av sunn fornuft

Erling Dyrendahl Sterten sier: «Partiet vårt vil sette ned foten og se på konsekvensene, ved bruk av sunn fornuft». Kva for parti er det som ikkje ser på konsekvensar, og ikkje bruker sunn fornuft? Denne indirekte kritikken av andre parti er direkte dum. Her bør Sterten komme ned på jorda. Det verker faktisk som han skyt seg sjøl i foten med denne formuleringa, for på meg verker det ikkje som om dette partiet vil ta inn over seg konsekvensane av utsleppa av klimagassar.

Formuleringa til Sterten tåkelegger det politikk handler om, for politikk handler i stor grad om prioriteringer. To eksempler med utgangspunkt i intervjua: Industri og næringspartiet vil ha gratis kollektivtrafikk. Eit slikt vedtak vil ikkje gje meire pengar til kommune eller fylke, bare større utgifter. Finansiering av gratis kollektivtrafikk må da skje gjennom kutt i andre tiltak. Skal det f.eks. være mindre satsing på fylkesveier? Eller mindre til skole eller eldresatsing? Når partiet skal prioritere innafor trange rammer tviler eg på at gratis kollektivtrafikk vinn fram. Partiet er også prinsipielt imot bompengar. Også her er det ofte snakk om prioriteringar. Nyvegen med tunellar til Trondheim har hindra mange dødsulykker, men ville ikkje vorte bygd utan bompengar.

Faktabasert?

«Vi legger fram sannheter om hvordan ting og tang henger sammen», skriv Schive. Kva så med denne påstanden frå han?: «De utslippene Norge står for, som er 1,39 promille av verdens utslipp, monner ikke å jobbe med.» Dette er eit argument eg kjenner godt frå debattar med klimaskeptikere, og umiddelbart og isolert kan det jo verke fornuftig. Men dersom vi supplerer denne opplysninga med at befolkninga i Norge er 0,68 promille av verdens befolkning så blir bildet eit anna. Utsleppa som Norge står for er dobbelt så store som gjennomsnittet i verden. Slik bruk av statistikk inngir ikkje tillit.

Klimautvikling

På spørsmål om klimakrisa er menneskeskapt svarer Schive: «Det er litt tvetydig.» Han skal ha gode grunnar til å svare slik når FN og all verdens nasjonar meiner det motsatte, med godt underbygd argumentasjon og fakta.

Eg følger rimeleg godt med på klimadebatten både nasjonalt og internasjonalt, og du finn jo grupper og personer som aktivt fremmer slike synspunkt. Klimaskeptikere blir dei kalt. I Norge er det organisasjonen Klimarealistene som står sentralt blant klimaskeptikerne, og der finn ein jo også ein del professorar, utan at det hjelper. Motforestillinger på heimesida til Klimarealistene slepp gjerne til for ei stund, men når det blir for vanskelig så blir ein gjerne utestengt etter redaktørens utblåsing som gjerne starter slik: «Takk for kreativ trolling» eventuelt «Takk for rituell trolling», utan at han viser evne til å ta ein konkret diskusjon. Ærlige og åpne diskusjoner er for farlig for dei.

Professor Ole Henrik Ellestad, leder av Klimarealistene, ville ikkje ein gong godta det enkle reknestykket at når den årlige auken av CO2 i atmosfæren er halvparten av menneskelige utslepp, så må det gå ein netto strøm av CO2 fra atmosfæren til andre kjelder, slik som til hav og grønne planter. Det hjelper lite å vise til professortitlar når dei samme professorane ikkje er interesserte i å bruke sunn fornuft og enkel reknekunst. Berre fordi svaret ikkje passer dei.

Eg håper at Schive og andre i partiet tek seg på tak og sett seg godt inn i klimapolitikken. Da skal det bli vanskeleg å fortsette med påstandene om at det er litt tvetydig om klimakrisa er menneskeskapt.

Avslutning

Mange av synspunkta deira i intervjuet kan ein jo være enig i. Men andre, som dei eg har vist til her, held ikkje mål. Spesielt bør ein vente at dei etter kvart kjem med faktabaserte påstander, og ikkje slik tåkelegging som at Norges bidrag til klimautsleppa på 1,39 promille av verdens utslepp er ubetydeleg. Det er tross alt det dobbelte av verdens gjennomsnittlege utslepp målt per innbygger.

Dei to representantane frå Industri- og Næringspartiet har ifølge egne utsagn inga politisk erfaring frå før. Dei har vel derfor i liten grad tidligere fått prøvd standpunkta sine, og det kan unnskylde noen av synspunkta. Dei bør få tid til å skaffe seg erfaring og kunnskap før ein feller endeleg dom. Det skal bli spennende å sjå korleis det utvikler seg i møte med realiteter og prioriteringer.