I Grytdalen naturreservat på Songlieiendommen er det eit område som heiter Finnbuenget. På dei gamle karta over eigedommen finn ein dette namnet og eit hus som er kalla Finnbua. Bakgrunnen for desse namna er at den samiske familien til Jonas Nilsen og Sofia Mortensdatter Kant budde her om somrane i perioden 1878–1917. Dei vart på folkemunne kalla Finn-Jonas og Finn-Sofia.

Ei stor furu oppfor Finnbuenget. Foto: Privat

Familien kom til Orkdal med ein reinflokk ca. 1878. Dei budde som sagt i Finnbua om somrane. Om vintrane var dei innlosjert på gardar i grannebygdene, Orkdal, Geitastrand, Agdenes eller Snillfjord.

Finn-Jonas var kjent som ein god bjørnejeger, og det er mange historier om bjørnejaktene. Han var også ein god rypejeger. Han kunne grave seg ned i ei snøfonn og lokke på rypene, og skaut dei etter kvart som dei kom. Dei nytta seg nok av alt dei fann i marka, og produserte samisk handverk som dei selde.

Jonas og Sofia var kjente for å ha eit uvanleg godte humør, og var velsett i bygda. Dette var nok både fordi Jonas hjelpte bøndene når det kom skadebjørn, det gode humøret, og dei gode evnene til å fortelje om bjørnejakt og livet i marka.

Sametinget har tatt initiativ til å få etablert eit samisk kulturminne i området. Først tenkte dei på Finn-Sofia-steinen på Krokstadøra, men valet falt på Finnbua og Finnbuenget i Grytdalen. Tysdag var det synfaring til Finnbuenget, med tre personar frå Sametinget og to frå Grytdalens venner. Det vart tatt bilete, film og lydopptak frå turen. Det er planlagt at kulturminnet skal stå ferdig neste sommar, med markering på Finnbuenget og eit møte på Songlia etterpå med joik, bilete og forteljingar.

Det er merka sti til Finnbuenget. Stien tar av frå den merka stien frå Hjortdalshytta til Klokkartjønna. Stien frå Hjortdalhytta til Klokkartjønna er vist i turheftet son Grytdalens Venner gav ut i 2021. Heftet er å få kjøpt på bokhandelen ARK og Sport1 på Amfi, og på Best-stasjonen ved Forvebrua.