Silje Elisabeth Fretheim har skrive første delen av Orkdalshistoria bind 1, som omhandlar perioden frå istida og fram mot det vi kallar historisk tid. Frå steinalderen, bronsealderen og jernalderen finst det ikkje skriftlege kjelder, berre enkelte gjenstandar og funn, som kan fortelje oss noko om korleis folk levde.

Dei aller første spora etter busetting i Orkdal vart funne på eit jorde på Geita av fylkesarkeolog Kristian Pettersen i 1993. Han fann ei såkalla skiveøks av flint, og store avslag av flint i åkeren. Skiveøksa var ein reiskap som vart brukt i den eldre steinalderen, og funnet viser at det har vore folk på Geita for 11 000 år sidan. Dette er det eldste funnet som er gjort langs heile Trondheimsfjorden. I dag ligg åkeren rundt 100 meter over havet. Den gongen låg jordet på eit nes med sjø på begge sider. Truleg har det vore ein buplasss der, som kan ha vore ein mellomstasjon for folk på ferda mellom kysten og fjellområda.

Ungjenta på Geita

– Korleis var det å vera ei ung jente på ein steinalderbuplass på Geita for 11 000 år sidan?

– Eg har forestilt meg buplassane på Geita som mellomstasjonar mellom kysten og fjellet, og tenker at dei vanlegvis heldt til på kysten. Ekspedisjonane til dei indre delane av landet gjorde dei kanskje ein gong i året, gjerne på hausten. Det var ikkje fordi dei trengte mat, men det var ein tradisjon. Det er reinsdyr dei først og fremst har vore ute etter. I dei fleste jeger- og fangstsammfunn vi kjenner til, er det først og fremst menn som står for storviltjakta, mens kvinnene har tatt seg av oppgåver som skinnberedning og matlaging. Viss det er ei jente, som ikkje har vore så langt unna å bli vaksen, kan ho ha vore med på ekspedisjonen for å ta seg av jaktbyttet. Eg ser for meg at ekspedisjonane har vore ganske viktige. Det kan komma gode jakthistorier ut av det, som ho kanskje har høyrt sidan ho var barn. For ei ungjente som for første gong får vera med på ein slik ekspedisjon, vil det vera mykje forventning. Ein spennande tur.

– På Geita hadde dei ein fin plass, med fint utsyn. Det har ganske sikkert vore fast stoppestad. Eg reknar med at dei har hatt telt og alt dei trengte i båten heile tida. Og det var ikkje problem å skaffe mat, dei levde av fiske og fangst heile året rundt.

– Korleis var ho kledd?

– Det kan ha vore surt og hustrig, så dei må ha hatt skikkelege klede. Synåla var oppfunnen tidleg i steinalderen. Dei kan ha hatt formsydde klede av skinn, slik eskimoane går kledd, med parkasar og bukser og støvlar. Å sy slikt var heilt sikkert noko jentene lærte.

– Kva slags liv venta henne. Ville ho bli mor tidleg?

– Ikkje nødvendigvis. Det som er typisk for denne typen samfunn, er at dei ikkje nødvendigvis får så mange barn. Ofte ammar dei lenge. I jordbrukssamfunn med større barneproduksjon, er det større sjanse for å døy under fødsel. Det er ikkje nødvendigvis så stort problem i fangstsamfunn.

Da dei skulle grave ny grunnmur på Øvre Rømme i 1935, vart det funne ei mannsgrav frå romertida rundt 1,5 meter ned i bakken. Kista var laga av stein, og den inneheldt gjenstandar som kan tyde på at det var ein rik og mektig mann som var gravlagt der. Kanskje ein hovding. Det flottaste funnet var to brotstykke av eit sverd i skjede med utsøkte mønster og dekorasjonar på. Ein spiralring av nesten reint gull var også med blant gravgodset.

– Korleis levde ein hovding i Orkdal på denne tida?

– Vi reknar med at han var bonde. Ein typisk storgard frå romertida har hatt to store hovudbygningar og eit par hus i tillegg. Det var mange folk på garden, både tenarar og trælar. Dyra budde i same husa. Det var ikkje mange storgardar i Orkdal på den tida, men det er ikkje godt å seie kor stor eigedommen var.

– Kva baserte han makta si på?

– Han har truleg har hatt mektige foreldre. Makteliten hadde tette kontaktnett og opprettheldt makta ved å gifte vekk døtre til andre mektige familiar og å gi eksklusive gåver. I gravfunnet frå Rømme finn vi eit bronsebeslag der motivet har klare parallellar til funn frå såkalte fyrstegraver på Sjælland. Det viser eit eksepsjonelt tilfelle av samanheng mellom ei romertidsgravferd i Trøndelag og den absolutte militære og kulturelle eliten i skandinavisk og germansk samanheng. Hovdingen på Rømme kan ha hatt makt til å drive jerneksport til Sjælland, som det var stort behov for.

– Kan han ha dratt til Sjælland og skåla med kompisane sine?

– Ja, han har hatt heilt utmerkte skip, plankebygde klinkbåtar av same type som vikingskipa, men ikkje så store.

– Var han krigersk?

– Det var ein veldig krigersk periode, ein kultur med ganske mykje vald. Sverdet han er gravlagt med, er eit skikkeleg prakteksemplar. Men det var kanskje ikkje det han brukte til å slåst med. Det var svært eksklusivt, det kan komma heilt frå Romarriket. Det var sikkert utmerkte handverkarar lokalt, men det liknar ikkje den typen dekor eller ting ein finn lokalt.

Kanskje var det grava til husfrua som vart funne på Hov? Da det skulle gravast ei grøft til kloakk i Orkanger sentrum , vart det funne ei grav frå vikingtida (750-1050 etter Kristus) på Hov. Grava inneheldt ei øks, ein nøkkel og restane av ei lita saks. Dessutan ein del av ein hank som har site på eit lite trekar, og eit bryne av skifer. Nøklane og saksa kan tyde på at det har vore ei kvinnegrav. Nøklane kan tolkast som eit symbol på status.

– Eg kan sjå for meg husfrua på Hov med nøklane ringlande i beltet?

– Ho har sikkert vore ei myndig dame. Det var ein ansvarsposisjon å vera husfrue på ein storgard i vikingtida. Ho hadde ofte ansvaret for drifta når mennene var borte for å knyte kontaktar og slåst. Det var mange tenarar og trælar, mange menneske som skulle ha mat, husrom og klede, og mykje å halde styr på. Mange kvinner har brukt store delar av tida si på veving og spinning, og det har sikkert husfrua også.

– Å vera husfrue var også ei veldig viktig representasjonsrolle. Særleg på Hov, som ut frå namnet var ein stad der dei samla seg til blot og religiøs festing. Det kom ofte gjester, og det var utruleg viktig å gjera ein god figur, gjera inntrykk på dei som kom til gards og finne fram det beste ho hadde.

– Var det viktigast å vera vakker eller å vera dyktig?

– Begge delar var viktig. Det var fokus på utsjånaden til kvinnene. Smykke vart det lagt mykje vekt på. Standardutstyret til husfrua var to store skålspenner festa til selane på ullkjolen, og ei mindre spenne eller brosje sett i halslinninga. Men ho sat ikkje på stas. Det var ein hard jobb. Ein sjefsjobb.

– Viss du skulle grave for å finne meir spennande frå fortida i Orkdal, kvar ville du leite da?

– Det er steinalderen som er mitt felt, og eg ville gjerne ha leita i innlandet langs dei store innsjøane etter buplassar. Det er aldri godt å vita, du veit det ikkje før du faktisk har leita.

– Kva kan folk sjå etter?

– For å finne noko frå steinalderen, må du grave. Men lærer du deg å kjenne att flint, så kan du for eksempel finne det langs vasskanten på regulerte vatn. Flint finn ein ikkje utan at folk har tatt det med seg dit. Du kan også sjå etter slagg frå jernproduksjon. Eg forventar at det dukkar opp meir frå yngre jernalder. Renneslagget, som er typisk for den yngste perioden med jernproduksjon, vil sannsynlegvis vera best representert i Orkdal, seier Silje Elisabeth Fretheim.

Les også: Kulturminner i Orkdal (for abonnenter)