Det er usikkert kor ordet er kome frå, og dersom det er lesarar som kjenner til det, vil ordbokstyraren gjerne få vite om det.

sett-dau v. Dei fleste av oss har nok vore borti den situasjonen at mattugga vi har i munnen er så stor at ho sett seg fast nede i halsen slik at vi får henne verken opp eller ned. Det kan føre til ein kritisk situasjon. Namnet på denne tilstanden er at maten "sett-dau ni hæsja". Ordet finst i Ordlista hans John O. Stubban.

si te å eta adj. Ordet si tyder lang / dryg, og når vi seier om ein person at han/ho "e si te å eta" så meiner vi at vedkomande er dryg i matvegen. Ordet er visstnok mest vanleg lenger aust for oss, i Gauldalsregionen. Der er det snakk om "en si gubbe" eller "sie gubba". Dette siste er namnet på eit danseorkester i Holtålen.