"Å danse etter pipa til ein eller annan"

gjera som den andre vil / vera villig / lystre.

"Vi pibede for Eder, og I vilde ikke dandse; vi sang klageligen for Eder, og I vilde ikke græde."

"Å gå med ein ordførar i magen" tyder ikkje at det er ei kvinne som er gravid og som har ein komande ordførar i magen. Nei, det er ein talemåte vi har for å fortelje at den eller den har lyst til å bli ordførar. Det kan gjelde andre titlar og, td direktør, driftsleiar eller anna som ein person trur han har sjansen til å kunne få. Uttrykket er henta frå Ludvig Holbergs Den politiske Kandestøber (1722). Der seier Antonius til Geske: "Jer Mand har faaet politiske Griller, og gaaer med en Borgermester i Maven."

"Å gjera nokon ei bjørneteneste" er å gjera ei teneste på ein slik måte at det blir til skade for den tenesta gjeld. Bildet er henta frå La Fontaine’s velkjende fabel om bjørnen som knuste hovudet til herren sin da han skulle jage ei fluge vekk frå nasen hans.

"Å gjera svenske av seg" skulle ein tru var greitt å forstå. Og det har da også vorte oppfatta slik at tydinga var stikke av / forsvinne / rømme gjerne til Sverige. Men så viser det seg at uttrykket eigentleg er dansk, og at tydinga er ikkje møte opp til avtalt tidspunkt. Det var tyske handverkarar som tok det til Danmark, for dei hadde ordet schwänzen som tyder skulke. Danskane tok til å si at han svenser, og så utvikla dette seg til han svensker, og uttrykket vart brukt om folk som ikkje møtte fram til arbeidet sitt. Og så har vi tatt det i bruk i den tru at det å gjera svenske av seg tyder rømme / stikke av.