Det var truleg litt vanskelegare å få til godt fotspenn når ein brukte fell, for fellen er stivare enn våre moderne dyner.

skiplas v. Verbet å skiplas har vi frå det norrøne skjaplast der tydinga er koma i ulage. Vi finn og tydingane flytte eller uroe.

skita follj adj. Når ein person har tylla i seg for mye brennevin slik at vedkomande ikkje har styring på seg sjøl, seier vi at «hannj e skita follj». På normalspråk heiter vel det døddrukken.

skit te kar m. Ein person som blir utsett for denne karakteristikken er ein dårleg kar. Det er ein person som det ikkje er meining i og som blir lite påakta.