Det blir klaga over og kritisert rett som det er at vi nordmenn alt for ofte gjer oss bruk av engelske ord og uttrykk når vi er sjølhjelpne språkleg lell. Det er kanskje først og fremst i forretningsspråket at dette fenomenet opptrer oftast, og det er sjølsagt på grunn av reklameeffekten. Det høres liksom litt meir moderne og tøft ut å bruke det engelske i staden for det norske. Men eg må innrømme at det stikk litt i nordmannssjela mi når eg går inn på ein butikk for å handle og møter ein serie med raude plakatar der der står

Sale - sale - sale.

salg/sal

"Ængelsken en no kåmme for å bli!"

Eit anna eksempel på dette er ordet deadline. Det er no så innarbeidd hos oss at det er beint fram vanskeleg å finne eit norsk ord som tyder det same. Det kling liksom litt drastisk å snakke om dødline, sjølv om vi har det i fotball-terminologien. Frå først av så var tydinga av dette ordet bokstavleg. Det var snakk om ei line i td ein fangeleir, eller på eit område der det fanst fangar. Den fangen som gjekk over denne lina, vart skoten, og da var det deadline på alvor. Så alvorsamt brukar vi ikkje dette ordet i dag, heldig vis. Det miljøet som oftast brukar ordet, er trykkeri og avisredaksjonar. For å få ut ei avis til fastsett tid, må det setjast opp ein tidsfrist da alt stoffet må vera ferdiggjort. Dette kan føre til stress-situasjonar og hastverk, men det må visstnok til. Noko norsk ord for dette har vi ikkje direkte. I alle fall ikkje i vårt daglegspråk . Men før i tida snakka dei om skaplag når det handla om eit arbeid som måtte vera ferdig til fastsett tid. På normalspråk heiter dette lagje / lage, men dette siste er nok mest kjent på austlandet. Vi har skaplag, og frå no av må alle journalistar (bladfykar) i "Sør-Trønder'n" seie skaplag i staden for deadline. Og ordet skap-lag er altså ei tilmålt arbeidsmengd/-oppgåve som skal gjerast på ei viss tid, og ordet finn vi alt i norrønt mål med tydinga pålegg.