På norrønt mål har vi eit ord som heiter

motunautr

personer som ein har matlager sammen med / matkompis

Matgenoot

-genoot

Genosse

matenot

matgenoot

Dette hollandske ordet utvikla seg vidare, og vart etter kvart til matroos, og herifrå fekk vi det til norden, og vår variant vart matros.

På gresk har vi ordet margaron, og det tyder perle. Dette ordet skulle etter kvart bli allemannseige også her hos oss.

Det var nmeleg slik at kring midten av 1800-tallet var det store folkeforflytningar i Europa på grunn av industrialiseringa. Det vart til dels matmangel, og serleg stor var mangelen på smør i Frankrike. Dette ville den franke keisaren Napoleon 3 gjera noko med, og han utlyste ein konkurranse om å finne opp noko som kunne erstatte smøret. Etter ei tid kom resultatet i og med at ein kjemikar med namnet Hyppolite Mège-Mouries dukka opp med eit produkt som i hovudsak var ei blanding av ister, talg og smult. Og fordi overflatesubstansen var perleaktig, kalla han det margarin, altså etter det greske margaron. Og margarin vart sett i produksjon i Oaris i 1870. I 1876 vart den første skandinaviske margarinfabrikken starta i Oslo, og det var Aug. Pellerin Fils & Co. I 1936 var det 25 margarinfabrikka i Norge som slo seg sammen i A/S Margarincentralen.