v/ Hallvard Morken

Normalt skal ikkje inkjekjønnsord ha ending i fleirtal, men dette blir det synda grovt mot i radio, i TV og i avisene. Det heiter eit hus, fleire hus, og det heiter eit felt, fleire felt. Og for folk med litt språksans, fell det nokså naturleg å seie det. Likevel står ellers vettuge folk fram i massemedia og seier at vegen har to felter, og tru det eller ikkje, ein mann som befinn seg nokså høgt oppe presterte å fortelje at på eigedomen hans står det flere huser. Og same person sa i det same kåseriet at det finnes små biblioteker og det finnes store biblioteker.I løpet av denne vinteren har det ælingsomvis verre nokså glætte ætte veiom, og for å bøte på det har vi strødd med sand. Men så er det dette substantivet sand. Kva for kjønn er det? Eg har i heile mitt liv trudd at det er eit hankjønnsord, ein sand - sanden (sannj'), men fleire og fleire som står fram og snakkar om denne sanden, omtaler han som sannja/sannjda. Altså lagar dei ordet om til eit hokjønnsord: Ei sannj - sannja. Ein bykar som vart intervjua sa da han vart spurd om han kjende seg tryggare no når det var strødd: "Nå nei, æ lite ikke på a, næi!" Reportaren: "Kæm e det du ikke lite på?" Mannen: "Sannja væl!" Truleg er dette eit byfenomen som held på og får fotfeste utover bygdene. At bilen har vore av hokjønn i byen, det veit vi, men når vi snakkar om bila så er det enten når vi omtalar han i dativ, eller når vi omtalar ein spesiell type øks i bestemt form.Så over til ein kommentar omkring ordet man (på hesten). Det har vore reist spørsmål om det i det heile er noko som heiter hengeman, slik vi skreiv her i Ordboka. I Gyldendal-Aschehoug store norske leksikon står følgjande: man - langtvoksende og tykke hår på øvre kant av hestens hals. etter fasongen skilles mellom hengeman og ståman. Ståman er vanlig på fjordhester.