Agnete Johnsen (21) blir årets gjesteartist med Eggkleiva mannskor under juleshowet i Skaunhallen 27. og 28. november.

Agnete var frontfigur i The BlackSheeps, som vann både den norske og den nordiske finalen i MGP junior i 2008. Dei kom på andreplass da dei deltok i finalen i MGP.

I 2013 tok ho andreplassen i Stjernekamp i NRK, og i I 2014 vann ho Skal vi danse på TV2. Agnete har i vinter spelt i Trollmannen fra Oz på Hålogaland Teater.

– Agnete er allsidig og flink. Ho vil passe veldig godt saman med oss. Ho er sprudlande. Ein entertainer på scena. Ho kan både synge og danse. Ho er veldig kjent, samtidig som ho er i startgropa, seier Espen Tørset i Eggkleiva mannskor til ST.

Ida Jenshus med mannskoret

Mannskoret har også ein hemmeleg artist under juleshowet. I fjor var det Ulf Risnes. I år er det altså foreløpig hemmeleg.

Moddi og Irresistible