olreng m. På hestgreiet har vi bakol og bukol, og det er reimar eller lykkjer, og desse blir halde på plass av metallringar, og ein slik ring er det vi kallar olreng.

olåtten adj. Å vera låtten på noko er det same som å ha lyst på noko. Men når du er olåtten har du slett ikkje lyst på det du har framom deg. Olåtten tyder også uvel / småsjuk / kvalm og spylåtten.