Kjelder: Lars S. Syrstad / Knut Liøkelsøy / Ivar Aasen: Norsk Ordbog / Dalen-Jenstad: Trønderordboka.

Dette ordet har vi hatt for oss i Ordboka tidlegare, men stadig er det folk som tar kontakt og spør om kva det tyder og kva det kjem av. Difor tar vi ein oppklaringsrunde her og no.No har vi to variantar av ordet i vårt distrikt. Vi har menesere og vi har menesele, og brukt som verb tyder dei å spare / økonomisere. Kva som er rett av desse to variantane kan det vera vanskeleg å si sikkert, men ordet har vi visstnok fått frå det franske ménager som tyder hushald. Når vi har fått inn denne l-en, så kan det koma av at når vi brukar ordet som adjektiv, så heiter det meneserle', og tydinga er sparsam / økonomisk.Så kan vi finne ulike tydingsvariantar. I vårknipa før i tida var det vanleg at folk kunne si: "Nei, no må dåkk te å meneser på foret," i den tyding at no er det på tide å redusere på foringa til husdyra.Når skreddaren la mønsteret på tystykket, kunne han kanskje seie: "Æg tru me lægg det dinnj-dær veien. Det bli mæst meneserle sålles."Elles har vi fått inn forklaringar som få det gjort billegare / forenkla / meir økonomisk.Det som er svært så interessant i denne sammenhengen er:Seier vi menesele eller meneserle, kanskje vi seier menesæle / menesærle'?Som dåkk forstår, så trøng vi hjelp her!Til slutt ein merknad omkring orda å laup og å løyp.Det som løyp er selja om våren.Det som laupe er folk og fe.Likevel er vi truleg vitne til at det her foregår ei sammenblanding, slik at rett som det er kan vi høre at "fölk fær og løyp ætte veiom", og så hender det at vi kan høre ein hund omtala som løyparbittj /- kkj.Ein sak for seg er at kua løyp når ho tar seg kalv, og vi seier at ho løyp opp att dersom ho ikkje har tatt seg kalv og må parast på nytt.