Om dette hannkjønnsordet veit vi ikkje anna her i Ordboka enn at det er ein

treklosse

moldokse m.

Da vi som ungar grov mark til fisking, hende det at det dukka opp nokre styggdigre markar som var ubrukande for oss, og vi såg på dei med stor respekt og ville helst ikkje ta i dei. Denne marken kalla vi moldokse.

Men dersom vi går til oppslagsbøker, så står det slik:

Ivar Aasen: Mold-ukse m. en stor Maddik, som opholder sig i Agrene; anseet som Larve af Skarnbassen (Tordivelen). Ogsaa kaldet Aakerkjetta.

Nynorskordboka: Moldukse m. - tordivellarve, åkerkjette.

Og for å finne ut kva Ivar Aasen meiner med Maddik, gjekk vi til Riksmålsordboken: maddik - 1) insektlarve uten ben 2) vemmelig person (middelnedertysk, samme ord som makk). Konklusjon: Ein moldokse er ein diger mark / makk).