Artikkelen vart visst skrevet som ein reaksjon på ein artikkel 12. november som gjorde rede for ein del velkjente konsekvenser av den globale oppvarminga vi no har.

Andøl velger å være uenig i at det skal gjøres eit nummer av konsekvensene. Han har lest at den optimale temperaturen på jorda er 3-3,5 grader over førindustrielt nivå, eller 1,5-2 grader over klimamåla, og går god for dette. Han er enig med ein økonomiforskar som meiner at det er bedre å ikkje prøve å gjøre tiltak, noko som vil gje ein temperaturauke på 4 grader.

Han må sjølsagt få meine det han vil, men han må da også godta og akseptere konsekvensene.

Eg skal her bare gå inn på eit par konsekvenser.

Tropiske korallrev er svært produktive, og er heim for over 25 % av alle fiskeartane på jorda. Ved 1,5 grads oppvarming vil 70-90 % av tropisk korallrev forsvinne, mens så godt som alle dør ved ei oppvarming på to grader.

230 millioner mennesker bur i dag under ein meter over høgvassnivå. Anslaga på havnivåstigning i den siste rapporten frå FN.s klimapanel er ei stigning på 45-75 centimeter innan år 2100, med ei temperaturstigning på 2,7 grader. Konklusjonane etter dei siste rapportane om nye funn om større smeltinga på Grønland enn tidlegare trodd går mot at havnivåstigninga blir opp mot 1 meter før år 2100. Med 3-4 graders temperaturstigning vil havnivåstigninga bli vesentleg over dette.

Andøl meiner det er best med ein temperaturauke på opp mot 4 grader, og blir provosert når det blir opplyst om konsekvensene. Men heller ikkje han kan unnlate å ta standpunkt til konsekvensene. Eg har peika på to av mange konsekvensar og lurer på: Meiner Andøl at ein bør godta ei utvikling der bl.a. alle tropiske korallrev blir drept, og områder der det bur hundrevis av millioner av mennesker blir oversvømt?