– Bøker er det beste eg veit, seier Anne Mari Svinsaas frå Meldal. Forfattaren, dramatikaren og frivilligsentralsjefen har ingen problem med å pakke sekken med påskelektyre, og ho deler gjerne tipsa sine med oss.

Australsk krim

Krim må det vera til påske. Svinsaas har nyleg oppdaga ein ny australsk krimforfattar. Mørk kyst er den første i en serie på tre krimbøker som heng saman, som Peter Temple har skrive.

– Dette er politikrim med mange skjønnlitterære verdiar både i språket og måten han skriv på. Det er mange gode personskildringar og miljøskildringar. Handlinga foregår i ein storby – truleg Sydney – men det blir aldri stadfesta. Hovudpersonen er eit litt plaga individ, men ein veldig fin person – som har mange slags tankar som er interessante å følge med i. Det er ikkje noko einsidig løysing på plotta. Ting er ikkje alltid slik dei ser ut. Eg tenkjer litt Sjøwall og Wahlø – det er samfunnskritisk krim, seier Anne Mari Svinsaas.

Dikt

Men Svinsaas treng ikkje berre krim. No har ho begynt å ta fram dikta til Olav H. Hauge igjen etter at det er ei stund sidan ho har vore på lyrikkhakket.

– Eg blir stadig meir og meir begeistra. Det er ei fantastisk oppleving å finne han igjen, seier Svinsaas.

Reisebøker

Å lesa reisebøker kan også vera eit godt tips til påske. Dersom du skal ut og reise, kan det gi meir reiseglede om du kjenner plassen og landet du skal til.

– Eg les meg opp på Madeira for tida. Vi skal dit i mai. Det finst mange bøker om spennande plassar, seier Svinsaas.

Quiz

For å halde hjernen i trim i påska, anbefaler Svinsaas å ta med Atle Nilesens Quizbibelen, som ho fekk til jul. Den inneheld quiz-spørsmål om alt muleg – til dels ganske vanskeleg. Men den inneheld mykje artig og unyttig kunnskap, meiner Svinsaas.

Olav H. Hauges dikt kan vera ei fin avveksling innimellom mord og drap.